For å avvikla festivalen me alle er så glade i, treng me hjelp frå frivillige drengar og tauser som veit å setja pris på godt, gamaldags dugnadsarbeid.
Jobbar du ein av dagane, får du gratis inngang den andre. Enkelt og greitt.
Me treng folk til å fylla desse arbeidsoppgåvene:
Trivselsvakt
Du har ansvar for tryggleiken og trivselen til gjestene ved bygdalarm. Du skal opptre som «vakt», men samstundes vera blid og imøtekommande og sørge for god stemning.
Billett og akkreditering
Med godt humør og stort pågangsmot tek du imot alle festivalgjengarane og syt for at dei får løyst inn billett og får armband.
Effektseljar
Du jobbar inne på festivalområde, og får dermed nyte musikken og stemninga medan du sel fantastiske bygdalarm-effektar til festivalen sitt kvalitetsbevisste publikum.
Scenearbeidar
Som scenearbeidar har du ansvar for å hjelpe til på og ved scenen før, under og etter konsertane. Dette er festivalen si intervalltrening, då det er periodar med stillesitting og periodar med meir arbeid.
Drikkeservering
Her syt du for at alle festivalgjestene får leska strupane sine med øl, vin eller mineralvatn.
Opp-/nedrigg
Dette er arbeidslaget som set i stand og tek ned festivalområdet. Ein er med å setje opp scena og rigge sjølve festivalområde, og/eller til å rigge ned. Arbeidsdagane vil vera før og festivalen.
Nattevakt
Når det yrande folkelivet har begynt å roa seg kan du nyta stillheita og utsikten frå scena. Som nattevakt held du festivalområdet under oppsyn om natta.
Meld interessa di og ynskt arbeidsoppgåve i skjemaet under. De som allereie har meldt interesse på e-post treng ikkje gjere det igjen.
NB: Påmelding er bindande.
Me tilbyr