Kvelertak skal rocke sokkane av oss på plenen! Stavangergjengen har gjort kjempekarriere sidan dei starta opp for ti år sidan, spelt verda rundt og vunne ei røys med prisar. Det er mørkt, energisk og fengande når Kvelertak spelar opp, perfekt til ljose sumarnetter og verdas mest energiske publikum med fjord og fjell i bakgrunnen, tenker me!
Dette er vaskeekte verdsstjerner med eit hjarte for bygda. I vår har dei hatt ein uhorveleg stappfull turnèkalender, der dei omtrent annankvar dag har veksla mellom enorme arenakonsertar som oppvarmingsband for sjølvaste Metallica, og små pub- og klubbscenar i norske bygder. Og store opplevingar i små bygder er jo me i Bygdalarm ekspertar på!