Kevin Barnes starta of Montreal for over 20 år sidan, og gjennom åra har det vore ei rekke musikarar som har vore involvert i prosjektet. of Montreal har ein solid fanskare verda over. Musikken havnar innan sjangrar som pop, rock, indie, psykedelisk, dance og referer mykje til populærmusikken på 60-talet, rock frå 70-talet og i det siste synthpop frå 80-talet. Det me veit at dette alltid er, er spennande, fengande og dansande!
Dei som har vore på konsert med of Montreal, seier det er ei oppleving ein hugsar. Den siste plata, White Is Relic/Irrealis Mood, kom 9. Mars og er inspirert av dance-mixar av popmusikk frå 80-talet. Høyres ut som deilegpop, spør du oss!